Av Svein Nordal

Bygdekunstnaren og facebook-bloggar på Urke, Sverre Birger «Svishe» Rønning (56), har stor tru på framtida for heimbygda.

Som dei siste åra har fått hurtigruteanløp, nytt liv i campingplassen, pub på Urke kaihus, mange flotte møteplassar bygde på dugnad, – og ikkje minst ein jamn straum av folk som valfartar til det populære fjellet Saksa, – og Urkeegga for dei meir vidarekomne.

–Over 10.000 var på Saksa i fjor, og eg er sikker på at fjellturismen her berre kjem til å auke i åra som kjem. Det er ikkje berre vi fastbuande, men også utflytta og folk med tilknyting til bygda, som har jobba saman for å få til dette oppsvinget. Som eg ikkje trur er eit blaff: Oppgangen har kome for å bli, trur Rønning, som før helga jobba med å byggje jonsokbål og førebu storkonserten med Olav Stedje på Urke Kaihus.

LANDHANDEL: Alf Valde frå Brattvåg og Charles Giske frå Ålesund er på motorsykkeltur og har ein stopp på Urke landhand. I kassa ser vi Dorit Rønning.

Eksotisk

På Urke landhandel er det Dorit Rønning (58) og Trine Bjørke (37) som styrer. Bygdefolket har i vel 25 år stått for drifta av den eksotiske butikken. Der treff vi Alf Valde (57) frå Brattvåg og Charles Giske (61) frå Ålesund, som er på sunnmørsrundtur med to gedigne Honda Goldwing-motorsyklar på 1500 og 1800 kubikk.

–Her er det alltid triveleg å handle. Med butikkar på tusenvis av kvadratmeter er det fantastisk at det finst slike landhandlar att. Vi har køyrt Sunnmøre på kryss og tvers, og av slike butikkar finst det berre denne og ein i Ramstaddalen att…

CAMPING: Trine Bjørke viser fram ei av hyttene på campingplassen.

Retro-camping

–Butikken tok over Urke camping for eit par år sidan, og utan overskotet frå campingplassen ville vi nok ikkje hatt drift her lenger, trur butikksjef Dorit.

Trine tek oss med på gaida tur til campingsplassen. Alle som har vore på campingtur på 1970-talet huskar standarden frå den gongen.  Den var forsiktig sagt enkel, og vatn og toalett finst det berre på sanitærbygget.

–Heldigvis likar folk sånn retrostil no for tida, smiler Trine.

Mange har spekulert på kva det typisk norske er. Fasitsvaret er at det er typisk norsk å kose seg, og like ”det koselege”. Campinghyttene på Urke er nettopp det. Dei små dokkehusa har blitt shina opp av bygdefolket på dugnad, og pynta innvendig på ein – ja, nettopp – koseleg måte.

Litt som bjørnen

Nede ved puben på Urke kaihus treff vi att «Svishe», som tek seg ein pause frå jonsok- og konsertførebuingane, og slår av ein prat.

–-Ja, vi har hatt eit oppsving. Men talet på fastbuande aukar likevel slett ikkje. Det trur eg ikkje vi kan vente heller. Men om sommarane og i helgar er det mykje folk i hytter og sommarhus. Vi må basere oss på det.

JAM: Speleglad gjeng jammar på Svishes Pøbb. (Foto: Kåre Myklebust).

–Å vere sommarbygd, ja. Korleis er her om vinteren?

–Heilt stilt. Daudt. Både bygda og eg er litt som bjørnen, og går i hi om vinteren, sjølv om det er då eg får nok ro til å måle flest nye måleri, seier Rønning, som tok kunstutdanning i to år i Ålesund på slutten av 1990-talet. Han flytta frå Urke allereie som 16-åring, og budde mange stader før han slo seg til på Urke igjen for ti år sidan.

–Og no vert du buande?

–Eg må vere ærleg og seie at om vinteren hender det at eg lurer på å flytte. Men slår det frå meg når det byrjar å lysne igjen, og folk byrjar å kome på besøk på «Svishes Pøbb».

Golvet svikta

Dette er kunstnaren sin eigen pub i uthuset heime på garden like ved bygdevegen. Her har han målt «Øleskap» på kjøleskapet, innreidd mildt sagt originalt og rustikt, og skrive visdomsord på veggene med skjønnskrift, – til dømes «Grip dagen» og «Dagen i dag er den første i resten av ditt liv». På Svishes Pøbb er det ofte eit yrande liv sommarkveldane.

ØLESKAP: Inne på puben har Svishe måla «Øleskap» på kjøleskapet

–Ein gong var det så mange her inne at golvet gav etter. Det kunne ha enda i forferdelse viss golvet heilt hadde sagt takk for seg og femti festglade hadde ramla i ei mølje to og ein halv meter ned, – men vi fekk heldigvis støtta det opp med nokre bjelkar i kjellaren, seier «Svishe».

Som gjerne framfører countrysongar, skillingsviser og kristelege songar som «Han skal åpne perleporten» for pøbbgjestene.

–Apropos namnet «Svishe» – korleis fekk du det?

–Ja, det er ei artig historie. Mor vi kom frå Færøyane og kalla meg «Sverrhi». Dei andre ungane syns det var morosamt, og utvikla dette til Svishe…

Dødsangst

–Korleis var det å vekse opp her i bygda?

–Trygt og fint. Vi var heile tretti elevar på Urke skule, og etter å ha fått middag – og forhåpentlegvis gjort lekser – møttest vi att på skuleplassen og spelte fotball. Det var etter at skulen vart lagt ned på 1990-talet at folketalet verkeleg stupte. For ti år sidan var det trist her i bygda – då var det heilt daudt, også om sommaren…

Seier Sverre, som også likar det fredelege ved bygda. Noko som kanskje har samanheng med at han har opplevd det stikk motsette:

–Eg var FN-soldat i Libanon i 1987, og hamna blant anna midt oppe i skotveksling, og måtte søkje dekning. I leiren følte vi oss trygge, men alltid når vi patruljerte kunne det skje noko kva sekund som helst. To – tre år etter at eg kom heim, kom reaksjonen: Eit samanbrot, blant anna med sterk dødsangst….

DUO: Slogen og Svishe – to gode vener. –Sjølv om eg helst ser fjella nedanfrå, vedgår bygdekunstnaren.

«Urke kaihus»

Nokre år seinare byrja han som kunstmålar, utan at han trur at det har samanheng med opphaldet i krigssona.

–Men uansett: Målinga er min beste form for meditasjon. Tida flyg, og eg slappar av. Rik på pengar vert eg ikkje av det, og eg hadde jo håpa å selje fleire måleri då eg tok kunstutdanning.

–Du er jo ei kreativ sjel. Skriv songar gjer du også?

–Hehe, eg er absolutt ikkje noko til musikar, men ja, eg har vel skrive eit tjuetals songar. Den nyaste handlar forresten om Urke Kaihus.

–Javel? Og kva er tittelen?

–«Urke kaihus», sjølvsagt…..!

(der det altså var stinn brakke på Stedje-konsert i helga. Og retro-campingplassen var fullbooka).

Her kan du sjå 12 år gamle «Svishe» som «programleiar» i NRK-program frå 1974 – då bygda hadde ein skule full av ungar, mange innbyggarar og aktivt idrettslag:

https://tv.nrk.no/serie/skolefjernsyn/FSKO00008174/30-09-1974

https://tv.nrk.no/serie/skolefjernsyn/FSKO00008274/14-10-1974