Av Svein Nordal

Guro og ektemannen Jimmy Thor (45) har i år tatt over som drivarar av det tradisjonsrike Urke Gartneri, som vart starta allereie på slutten av 1920-talet. Guro og Jimmy tek over etter foreldra til Guro, Aud og Borgar Berg.

–Då vi tok over gartneriet i 1989, hadde det allereie vore i drift i vel seksti år. Det var Nils Urke som i si tid starta gartneriet, og i gamle dagar var det heile fire gartneri her i bygda: Urke Gartneri, eit på Halekkja, eit på Klokk og eit i Sande-garden. Då dyrka dei tomatar, agurkar og andre grønsaker, tok båten ut til Ålesund, og selde varene på torget der, fortel Aud.

Finever gjev pengar

–Akkurat det har endra seg litt. Vi satsar no stort sett på blomstrar, og sel dei på torget i Ørsta. Jimmy er der kvar dag no, og salet går unna, sidan det har vore lite skikkeleg dårleg ver i mai og juni, seier Guro.

–Ja, blomsterbransjen er svært så veravhengig. Er det mykje elendig ver i mai/juni, vert det eit dårleg salsår. Ingen gidd å vere ute og plante blomstrar i hagen viss gråskodda varer i vekesvis og regnet høljar ned, seier Aud.

Som fortel at årsomsetnaden til Urke Gartneri har variert frå 900.000 til 1,3 millionar kroner dei siste åra.

… men heller ikkje ho veit eksakt kor mange blomstrar dei sel per år….

TRE GENERASJONAR: Melissa (10) saman med mamma Guro og mormor Aud i gartneriet på Urke. Foto: Svein Nordal

Som på ei øy

–Urke er jo ikkje akkurat verdas navle, Guro. Her er rett nok grendebutikk, men elles lite av tilboda ein finn i byar og tettstadar. Likevel satsar de stort, og her vil de bu?

–Ja, det er jo ei fin bygd, trass i at her sikkert ikkje bur meir enn førti menneske no. Så lenge dei ikkje forringar ferjetilbodet så går det greitt. Å bu her er jo nesten som å bu på ei øy med nokre få innbyggjarar, for Norangsdalen kan jo vere stengd i lange periodar om vinteren på grunn av skred og skredfare, seier Guro, og legg til:

–Heldigvis har det blitt eit lite oppsving i bygda på grunn av hurtigruta, Saksaråsa og auka turisme. Vi også merkar litt av dette, for det hender rett som det er at fjellvandrarar stikk innom oss og kjøper tomat og agurk.

Gullalderen

Trass i all entusiasmen i bygda, har Urke ikkje opplevd same iveren som Sæbø når det gjeld yngre familiar som ynskjer å flytte dit.

–Nei, det er jo litt enklare å bu på der, sidan Sæbø ligg på «fastlandet», meiner Guro.

Då var det annleis den gongen foreldra Aud og Borgar flytta til Urke:

–Ja, vi flytta hit i 1974, seier Aud, som vaks opp i Romsdal.

–Mange andre unge par og familiar etablerte seg her den gongen, og det var bra med ungar på skulen i fleire år. Også andre bygder i Hjørundfjorden hadde same utviklinga, – til dømes vart jo skulen på Trandal gjenopna på grunn av tilflytting. Tilskotsordningane til landbruket var jo veldig gode på 1970-talet og ut på 1980-talet. Men sidan rundt 1990 har det gått tilbake med både Urke og fleire andre slike bygder. Då er det jo ekstra kjekt at nokre likevel vågar å satse her, seier Aud Berg.

Null julestjerner

–Ja, de får ha lykke til! Og snart må de vel til å så julestjerner?

–Nei, det har vi slutta med på Urke Gartneri. Straumutgiftene som gjekk med til å varme opp drivhusa var høgare enn inntektene frå julestjernesalet…!