Av Svein Nordal

Første gong publisert 15/4-2015

–At det skal vere så jævlig å vere homo på bygda, stemmer overhode ikkje. Vi har vore opne om det og sambuarar i Ørsta i fire år, – og har aldri fått negative reaksjonar.

Les også: – Ultrareligiøse homofobar bør ikkje sensurerast

Det fortel Tore Krøvel Dahl (33) og Jan Åge Øyen (24), homofile sambuarar i leilegheitskomplekset Ørsta Brygge, – forlova, og med gifteplanar. Bryllaupet skal stå i Walt Disney World i Florida sommaren 2017.

–Haha, kanskje ein noko sær lokasjon. Forklaringa er at eg tidlegare jobba der eitt år, og sidan eg vart saman med Jan Åge for fire år sidan, har eg fått han med på tur dit kvart år, fortel Tore, som i fleire år har jobba på bilforretninga/verkstaden Sandven Ørsta.

–Javel? Og så eg som trudde at alle homofile var frisørar eller designarar?

–Hahaha! Ja, det trudde du vel! Ja, det er jo også ein myte som bør takast livet av, – som myten om at vi homofile som vel å bli buande i bygde-Norge har det så fælt, og vert så frykteleg diskriminerte og utfrosne…

WALT DISNEY WORLD: –Her giftar vi oss om to år, fortel Tore og Jan Åge, stamgjestar i disneyverda i Florida.

Bygdetrollet

–Ja, for det stemmer ikkje?

–Nei. Studentavisa i Volda hadde ein artikkel for eit års tid sidan med den konklusjonen. Då fyrte vi oss godt opp. Det vart fokusert på «Bygdetrollet» som med sin intoleranse jagar vekk alle homofile frå heimbygda. Den myten må takast livet av ein gong for alle. Kanskje var det slik for tjue – tretti år sidan, men slik er det ikkje no lenger, seier dei to.

–Snarare tvert imot, seier Jan Åge, som opphavleg kjem frå Langevåg.

–Reaksjonane er eigentleg veldig positive – kanskje til og med litt vel «korrekte». Folk seier: «Å, de må då ha spennande liv!». Hahaha – beklager, men der tek dei vel litt feil. Eg står opp i fem-tida kvar morgon og pendlar til Ålesund, der eg jobbar med økonomi. Kjem heim tolv timar seinare. Vi deler på ein Ford Focus. Det einaste vi manglar for å bli A4, er hund…

Prylt bak nova

Mykje har skjedd med haldningane til homofile på nokre tiår. Som journalist i Møre-Nytt for mange år sidan fekk eg presentert følgjande historie: «Då det var dans på Idavollen i Ørsta i 1970, og vi merka homo-tendensar hos ein fyr, var vi ein gjeng som tok med oss vedkomande og prylte han bak nova». Sitat slutt.

–Vår generasjon har jo heilt andre haldningar. Og eg trur også at dei som er femti – seksti år no, har eit heilt anna syn på dette enn dei hadde på 80- eller 70-talet, seier Tore, og legg til:

-Faktisk har eg opplevd meir intoleranse frå homofile enn heterofile. Eg har i mange år sett på meg sjølv som bifil, og frå mange homofile har eg fått høyre følgjande: «Nei, det er du ikkje. Du ser på deg sjølv som bifil fordi du ikkje heilt klarer å akseptere at du er homofil».

–Å? Og det kjem frå homofile som krev aksept for si legning?

–Ja, faktisk. Og det er jo heilt vilt. Og temmeleg paradoksalt.

–Vi har stort sett heterofile vener. Veit ikkje kvifor, det har vel med felles interesser å gjere, supplerer Jan Åge.

Tore meiner at viss dei homofile på bygda skulle møtast pga legning, så hadde dette vore det samlande temaet – noko han meiner er litt snevert for sosialt liv og venskap.

IKKJE FRISØR: –Hehe, nei ikkje alle homsar er frisørar eller interiørdesignerar, forsikrar Tore, her på jobb på verkstaden saman med kollega Kent Riksheim.

Macho-miljø

Tore og Jan Åge har altså vore kjærstar i fire år, og det er omtrent like lenge sidan begge kom «ut av skapet».

–Eg var 29 og noko gammal til å kome ut av det berømte skapet. Og eg var noko skremt av tanken på å skulle fortelje det til folk – til familie og vener, – til kollegaene på Sandven! Ei bilforretning og ein verkstad er jo ein manne-arbeidsplass utan like. Begge deler gjekk heilt fint. På jobb valde eg å vere taktisk, og sa det først til ein god ven og kollega, og sa det var ok at han fortalde det til resten.

–Intet allmannamøte om saka, altså?

–Hehe – nei! Kort tid etterpå kom ein kollega med kaffi og var så hyggeleg. Eg lurte på kva han no hadde høyrt. «Hæ? Ka du meina?» spurde han. «Ja, ej he fått mej mannakjærste», sa eg. «Åja? Nei, det hekje ej hørt om, men det må no vere ok». Sa han. Hehe.

Sprø fyr

Paret møttest på internett, som så mange andre i våre dagar, og Tore fortel at han først fall for at Jan Åge hadde skrive at han var sterk motstandar av smilefjes med nase – altså teikna   : – )

–Ein så sprø fyr kan eg sikkert like, tenkte eg…

–Men er Bygdedyret/trollet heilt daudt? Møter de ingen fordommar når de går og leier kvarandre på gata?

–Jammen, vi gjer jo ikkje det! Vi er ikkje typene til akkurat det – hadde vi vore det, ville vi ha gjort det. Eg syns forresten det er noko pinleg når par står og kysser på eit gatehjørne også, uansett legning, seier Jan Åge.

Eg skulle til å spørre om dei var av det pripne slaget, men let det vere…

–Men enkelte negative reaksjonar må de då ha fått?

–Nei, eigentleg ikkje. Då vi «gjekk ut», og ingen reagerte nemneverdig, lurte eg på om det er umuleg å sjokkere folk no for tida. Kva må vi då finne på liksom, flirer Jan Åge.

Sjalu dame

–Jau, det var ein ting eg reagerte på. Ein kompis av oss som har jentekjærste fortalde ein merkeleg ting. Han sa at kjærsten ikkje ville at han skulle besøke oss åleine, for då var ho redd for at vi kom til å kaste oss over han!! Ufatteleg at enkelte kan tenkje slik, seier Tore.

–Seier vel berre noko om kor snevre enkelte er, skyt Jan Åge inn.

–Ja, herregud – det er jo vel neppe alle heterofile menn som kastar seg over alle damer dei møter heller vel? Undrar Tore.

–Nei, deeet …. skulle ha tatt seg ut, svarar eg.

KJÆRESTEPAR: Tore Krøvel Dahl (33) og Jan Åge Øyen (24) frå Ørsta.

Ikkje eit skikkeleg par

Ein annan ting paret har registrert, er at enkelte ikkje tek dei heilt seriøst.

–Som når nokon seier «du kan no ta med han kompisen din også». Om det er slik meint, veit vi jo ikkje, men det verkar som om dei som seier det ikkje meiner vi er heilt likeverdige med mann/dame-par. Vi er jo ikkje kompisar, vi er kjærestar. Med gifteplanar! Dvs det er Jan Åge som står for all planlegginga, smiler Tore.

–Og held styr på økonomien, sidan han kan det betre enn meg, legg han til.

–Ja, for å gjere det heilt klart for dei og få det inn med t-skei – kva føler de for kvarandre?

–Vi er kjærestar, elskar kvarandre, er veldig forelska. Og skal gifte oss.

Homseorgiar

–Men no rykkjer vi tilbake til start, som det heiter i Monopol. De vert skikkelig forbanna av påstanden om at det er fælt å vere homo på bygda?

–Ja, det stemmer jo ikkje, – og det kan skremme livet av unge homofile herifrå, ja, nesten bokstaveleg talt. Det er ingen ting å vere redd for. Då eg stod fram som 20-åring var også eg redd for reaksjonane, utan grunn. Redselen sit i ditt eige haud, seier Jan Åge.

–Kva var mest skremmande før de fortalde om legninga?

–Eeh, vel – for min del trur eg det var redselen for nok ein myte, seier Tore.

–Kva då?

–At familie, vener og kollegaer såg føre seg reine homseorgiane, for å seie det rett ut. At det hadde danna seg eit slikt syn på homofile, som sexgalne typer som føretrekk orgiar. Haha! Slike greier er vel likt fordelt mellom legningane, trur eg.

–Kanskje det var meir slik før, då det var «ulovleg» å vere homofil. Då folk omsider kom ut av skapet, hadde ein kanskje ein del å ta igjen, meiner Jan Åge.

–Eg trur forresten at enkelte litt eldre homofile er litt snurte fordi det går så greitt for oss som står fram som homofile på bygda no. Slik var det ikkje i deira tid, og då burde det vel ikkje vere slik for oss heller, tenkjer dei kanskje, trur Jan Åge.

Paulus, Hitler og Midttømme

–De er ingen tradisjonelle homo-forkjemparar?

–Nei, det er vi ikkje. Men takka vere dei som har gått før oss, og faktisk kjempa for aksept, kan vi no leve livet slik vi vil. All ære til dei for det, og til dei som kjempa for arbeidarar og kvinner sine rettar, seier Tore. Som til liks med Jan Åge står på Ørsta SV si liste til kommunevalet til hausten.

–Ja, vi gjer det, trass i at eg er litt forvirra politisk. Eg er truande til å kome med mine eigne meiningar på tvers av noko partiprogram, åtvarar Tore. –Menmen, eg er jo berre listefyll…

–Religionen er kanskje den siste bastion? Møre-biskop Midttømme hadde jo veldig imot å ordinere ein lesbisk prest nyleg?

–Ja, men der sit ho i glashus. Det er ikkje så lenge sidan kyrkjeleiinga ikkje ville ha ordinert henne som biskop. Og før det, som prest, påpeikar Tore.

–Greitt nok å vere bibeltru, og ta alt som står der bokstaveleg. Der står både at kvinner må teie i forsamlingar og at homofili er synd og gale. Men skal ein vere fundamentalist og tolke alt bokstaveleg, bør ein vel diskriminere BÅDE kvinner og homofile, vel?

–Ja, der står noko for einkvar smak, så ein kan tolke alt slik ein føler for det?

–Ja – noko ser dei bort frå, andre ting står fast.

–Då Hitler forsiktig vart førespurd om å endre partiprogrammet til nazipartiet NSDAP fordi det sprikte i alle retningar, nekta han blankt. Han viste til Det Nye Testamentet, som sprikte endå meir, og hadde hatt enorm suksess?

-Haha, ja nettopp! Då kan ein samle alle frå Gelius og Eidsvåg til dei ekstremt konservative – og så kan dei ha noko å slåst om!

MIKKE: Gode vener skal ein sjølvsagt ha.Turistane Jan Åge og Tore saman med Mikke Mus.

Humor

–Har de råd å kome med til unge homofile som vurderer å fortelje om legninga si?

–Ikkje ver redde! Frykta og angsten sit i haudet, men det kjem til å gå bra. Og det er heilt feil at de må flykte til Oslo berre på grunn av legninga. Slik er det ikkje lenger. Det er heilt topp å vere bygdehomo.

–Det gjeld berre å ha litt humor!

–Humor?

–Ja. Det må vere lov for folk å kome med ein homovits eller seie eit skeivt ord om oss homofile. Det gjeld å ikkje vere hårsår eller ta seg sjølv for alvorleg. Sjølv kan eg kome til å seie «neger» utan å meine noko gale med det – men det må du kanskje ikkje skrive? Hehe – jaja, men uansett – poenget er at heller ikkje vi homsar må tru at vitsing om oss er vondt meint. Som regel er det ikkje det.

–Er det ingen homo-stereotypi som passar på dokke to?

–Jauda, men berre ein. Vi reiser på den interasjonale Eurovision-finalen kvart år. 23. mai er vi på plass i Wien. Jan Åge får med seg si sjette finale, eg mi tredje. Og eg må innrømme at eg først vart med for å blidgjere han – og no må eg høyre gjennom alle songane først for å gjere meg opp ei meining på førehand, smiler Tore.

–Ja, dama mi likar Eurovision frykteleg godt, så det må eg og.

Sa eg.

–Hehe.

Sa Tore.