Av Charlotte Karoline Kvistad

Per-Jarle Voksø, Arnt Skinnes og Harald Teigene er vaksne gutar, og skin som nylakka, kvistfrie dekksbord i glede over å få bidra til å skape Trebaatfestivalen i Ulsteinvik. I år for 12. år på rad.

–Som hamnevakt er det to ting å gjere, og det er å få alle til å smile og yte service. Trebaatfestivalen skal vere ei god oppleving for både trebåtfolket og gjestane, seier Voksø, som er hamnevakt under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik 17.-20. august.

Med på laget har han Skinnes og Teigene. Dei tre, trebåtgutane, skal ha ansvar for at den maritime biten fungerer godt, med flytebryggjer og fortøying – alt som er direkte knytt til båtane.

–I år har vi meir fokus på båtane, som er kjerneområdet for Trebaatfestivalen. Vi skal ha guida tur rundt på båtane, slik at eigarane får vist dei fram. Det vert kåring av best båt i fire kategoriar og publikum avgjer ved å stemme på sine favorittar, seier Skinnes.

DRAUMEN: Arnt Skinnes har realisert draumen frå han var gutunge – i 2006 kjøpte han båten «Stero» som vart bygd i 1960. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Båtlivet i blodet

Alle tre er oppvakse med båtlivet i familien. Trebåtgutane har genuin interessere for båtar og det maritime. Voksø har vore skipper i 20 år, Skinnes er kaptein på ei ferje og Teigene jobbar for ASK Safety der han driv med sikkerheitsopplæring for sjøfolk og cruise. I tillegg jobbar Teigene for Herøys Redningsskøyte. Dei er nære venar som samarbeider godt.

–Arnt og Harald har kvar sin båt, og eg hjelper dei ved behov. Eg skal ha meg båt når eg får tida. Ein trebåt må du prioritere på lik linje med ei dame, og mi dame er mest prioritert, seier Voksø.

–Eg har stor interesse for gamle båtar. Min båt, Sarato, kjøpte eg i Lofoten i 2006. Den ligg ved sidan av båten til Arnt i Ulsteinvik, seier Teigene.

–Det beste med båtlivet er at når du kjem om bord i båten så går kvilepulsen ned til 30. Det er heilt herleg. Eg koplar ut alt anna og laddar batteriet. Og det er ekstra kjekt når barnebarna er med på båttur, seier Skinnes.

140 meter ekstra brygge

I år vert Trebåtfestivalen meir maritim enn den har vore før. Tema som gjeld trebåtane vert det fleire av, og festivalen skal vere meir interessant for båteigarane. Det er grunnen til at Harald Teigene vart med å organisere for fyrste gong i år.

–Eg tok kontakt med Vik Ørsta angåande å få låne flytebrygge til Trebaatfestivalen. Vik Ørsta var veldig interessert, og gav meg eit positivt svar med ein gong. No har vi 70 meter ekstra brygge, med ein auka bryggekapasitet på 140 meter mot førre år, seier Teigene.

Flytebrygga er planlagt å ligge inne i hamnebassenget, og Per-Jarle Voksø har ei oppmoding til alle som køyrer små plastbåtar med påhengsmotor og vannscooter:

–Hald låg fart i hamnebassenget. Lag lite bårar, så slepp vi skader på nokon av båtane. Folk set pris på at det vert vist omsyn. Mottoet mitt er å behandle andre, slik eg vil verte behandla sjølv.

Harald Teigene og Arnt Skinnes snakkar om 14o meter med ekstra brygge.

«Brukt-bua»

Eit nytt konsept, «Brukt-bua», er tilført Trebåtfestivalen. I Brukt-bua kan folk kome med brukte, maritime saker og ting, for å selje desse. Meininga er at tinga skal skifte eigar.

–Tinga skal vere relaterte til båt og maritimt, som lykter, garn og lanterner. Alt skal vere i brukande stand, seier Voksø.

–Brukt-bua er plassert på Hindholmen på kommunekaia. Folk kan tene seg nokre kroner på ting som er for gale å kaste, seier Skinnes.

For Teigene er det veldig kjekt at det vert teke vare på kystkulturen, og han meiner at myndigheitene skulle støtta i større grad.

–På 1900 talet var kystkulturen avgjerande for å byggje opp landet. Så kom oljen. Eg trur Trebåtfestivalen og kystkulturen er interessant for ungdomen som veks opp, seier Teigene.

LOS: Per-Jarle Voksø var hamnevakt i 2016, og her rettleiar han og teamet ein trebåt i hamnebassenget. Arkivfoto.