Medan Ulstein markerar jubileet med eit jubileumsskriv på stiftelsesdagen, vert dei 100 års feira med ei storslått feiring 2. september, der det mellom anna vert gratiskonsert med Medcon og Sigrid på verftet.

Her kan du lese heile historia om Ulstein sine 100 år, slik selskapet sjølv fortel den:

 

«Heilt sidan starten 9. august 1917 i Ulsteinvik, har det familieeigde selskapet, som opererer innan skipsbygging, design og systemleveransar, fokusert på morgondagens moglegheiter – i dag.

Driven av eit ønske om å møte skiftande kundekrav, moglegheiter og utfordringar i marknaden, har Ulstein sett spor gjennom innovasjon og banebrytande løysingar som har sett nye industristandardar.

Gjennom 100 års virke er det ikkje mykje som i dag vert gjort slik dei gjorde før. Evna til å ønskje endring velkomen har alltid vore til stades – til gagn for kundar, marknaden og den maritime industrien.

Bygge opp ekspertise

Då Martin Ulstein og Andreas Flø opna dørene til den vesle mekaniske verkstaden sin i 1917, hadde dei ingen føresetnader for å vite kva dei skulle vere med på å skape. Opphavleg etablert for å reparere og bygge om fiskefartøy av tre, bygde Ulstein mek. Verksted med tida opp eit kompetent miljø som har skapt ringverknader langt utanom vestlandskysten. Ulstein mek vart Martin sitt livsverk, medan Andreas valde å gå over i anna verksemd etter få år.

I 1924 vart bedrifta agent for Rapp-motoren, som dei også installerte i skip. Dette ga tilleggsoppdrag som å bygge nye skipsbruer og eksossystem. I 1957 gjekk Ulstein over til meir moderne skipsbygging gjennom sitt første nybygg i stål, bilferja Torulf. I 1965 utvida Ulstein aktiviteten i den maritime næringskjeda, ved å starte opp produksjonsselskapet Ulstein Propeller.  Verksemda var no etablert som ein pakkeleverandør som kunne levere både avanserte fartøy og skipsutstyr.

Likevel var det oppdaginga av olje utanfor norskekysten i 1969 som verkeleg førte til ei kursendring for Ulstein.

Martin Ulstein med kollegaer på Ulstein Mek. Verksted mest sannsynleg i 1927. Martin Ulstein i midten framme.

Krafta ligg i kunnskapen

Idar Ulstein, tidlegare konsernsjef og styreleiar, og son til grunnleggaren Martin, fortalde i 2007 at den aukande interessa for å utnytte oljereservane i Nordsjøen førte til ein aukande etterspurnad etter offshorefartøy.

– Vi fekk jamt førespurnader om bygging av forsyningsfartøy med amerikansk design, mintest han, men vi meinte at desse fartøya ikkje ville vere spesielt eigna for dei rådande vêrforholda i Nordsjøen.

Med god kjennskap til desse tøffe forholda, og korleis ein kunne vidareutvikle fartøya for å handtere det, vart dette ei openbar forretningsmoglegheit for Idar og medarbeidarane hans:
– Vi tok til å utvikle nye typar fartøy internt og dele dei i ulike seriar. Offshoreskip vart plasserte i UT700-serien, medan UT300 var serien for fiskefartøy. Offshoreskroga var breiare og med større fribord, slik at dei kunne operere trygt i grov sjø.

Skaparkraft

Kombinasjonen av nytenking innan design og dyktige forretningsevner, gjorde at forretningsmoglegheita vart oppdaga og godt utnytta.

Ulstein tok til å marknadsføre UT-serien over heile verda, og selje design globalt. På denne måten bygde selskapet opp relasjonar og eit forretningsgrunnlag som gjorde det lettare å oppnå vekst og skape seg eit namn. Snart var ikkje Ulstein lenger berre eit ord assosiert med ei lita norsk vestlandsbygd, men ei internasjonal, maritim merkevare.

Offshore-eraen i Nordsjøen starta tidlig i 1970-åra etter at Ekofisk-oljefeltet blei oppdaga i 1969.

Nye idear kan bli henta frå uventa stader

Eit eksempel på Idar si evne til å tilpasse seg marknaden og tenkje nytt, er utviklinga av VROS-thrusteren. Ideen fekk han då han i 1980 gjekk over rullebana for å nå flyet heim. Det oppsvingbare nasehjulet på flyet inspirerte han til å få ingeniørane i Ulsteinvik til å konstruere ein vridbar, oppsvingbar thruster, derav døypt “VROS”. Heime fekk han Farstad-rederiet til å kontrahere ein båt, “Stad Ulstein”, der Ulstein mek. sjølv eigde 80%. Skipet skulle utstyrast med to nye thruster-prototypar, den eine av desse ein VROS. Prosjekteringa skjedde samtidig med bygginga av båten. Heilt frå prøvekøyringa vart VROS ein suksess, og få konstruksjonsmessige endringar er gjort sidan. Swingup-thrusteren er ikkje berre eit eksempel på korleis eksisterande idear kan bli fanga opp og utvikla vidare, men òg på at det er mogleg å opne sinnet for inspirasjon, og innovasjon, frå verda om kring oss.

Omveltingar

I løpet av 1980- og 90-talet vidareutvikla Ulstein seg innan offshore. Selskapet kjøpte andre selskap for å bygge ei internasjonal verksemd, mellom desse er oppkjøpet av dekksmaskineri- og motorfabrikken BMV (Bergens Mekaniske Verksted) i 1985. Det vart også bygd opp eit sals- og servicenettverk i fleire viktige internasjonale hamner. Då 90% av verksemda vart kjøpt opp av Vickers (seinare Rolls-Royce) i 1999, hadde Ulstein vokse til over 4 000 tilsette, med ein omsetnad på over 4 milliardar kroner.

Ved at ein så stor del av bedrifta vart seld ut, kunne det nye Ulstein Group på nytt konsentrere seg om kjerneaktiviteten sin, å utvikle nyskapande fartøy og skreddarsydde system til bruk i krevjande miljø. Og offshore var framleis nøkkelen.

Det fleirfunksjonelle ankerhandteringsfartøyet Olympic Hercules, levert i 2002, vart det første av ein ny generasjon avanserte skipsdesign frå Ulstein. Men det var først i 2005 at Ulstein si satsing på innovasjon verkeleg sette spor innan nye skipsdesign, ved lanseringa av X-BOW®.

Skipsdesignarar på ein X-Bow testmodell medan ein ser ein stor i bakgrunnen.

Innovasjonen X-BOW

X-BOW viste Ulstein si evne til å tenke utanfor boksa, ved at ein utvikla, realiserte og kommersialiserte konsept som er unike i form av eigenskapar, yting og fordelar for kunden.

Skrogdesignet X-BOW vart først tatt i bruk på ankerhandteringsfartøyet Bourbon Orca i 2006. Det reduserer stamping og dermed forbetrar komfort, reduserer rørsler og slag mot baugen, forbetrar yting i røff sjø og optimaliserer drivstoffeffektivitet. Den ukonvensjonelle skrogforma reduserer kraftforbruket med 7-8 prosent samanlikna med fartøy med meir tradisjonelle skroglinjer.

Éin  ting er korleis X-BOW-designet vart tatt i mot av folk flest (det vart i Aftenposten i 2017 kåra som nummer to av dei beste norske designa dei siste 100 åra), noko anna er korleis det vart møtt av marknaden. I 2015 vart det skrive byggekontrakt på X-BOW®-skip nummer 100, og dei vert no bygde ved verft over heile verda. Det viser at sjølv dei mest dristige ideane kan bli aksepterte når fordelane overgår forventingane.

Inspirerande utvikling

Inspirerte av denne suksessen, og driven av eit ønske om kontinuerleg forbetring, har Ulstein også utvikla X-STERN.

Dette konseptet overfører X-BOW-fordelane til akterenden av skipet. Dette reduserer stamping, aukar fleksibiliteten, utvidar driftsvindauget i dårleg vêr, forbetrar sikkerheita for mannskapet og gir redusert drivstofforbruk med lågare utslepp til miljøet. X-STERN kompletterer sirkelen av skroginnovasjon, og er godt eigna, men ikkje avgrensa, til det veksande offshorevind-segmentet.

Det første skipet med X-STERN, offshorevindskipet Windea La Cour, vart levert 23. juni 2016. Når Ulstein no har gått inn i havvind, peikar det tilbake på ei historie som byggjer på tilpassing og kunnskapsoverføring. Selskapet arbeider for å sjå moglegheiter der Ulstein sin kompetanse, produkt og tenester kan gi fordel for kunden. Offshorevind, som har klare likskapar med offshore olje- og gassektoren, er ein vekstmarknad. Cruise, yacht og RoPax (passasjer- og transportskip) er andre framtidige utviklingsdrivarar, der Ulstein sin tradisjon for designinnovasjon og skipsbygging kan levere meirverdi.

Torulf. Fyrste stålferge bygd i 1957.

Ei digital framtid

Ulstein er ikkje berre fokusert på stål. Den digitale revolusjonen har forvandla livet på land og tek no turen til sjøs. Systemteknologi, styringssystem og automatisering banar veg for ein shippingindustri som verkeleg er påkobla.

Ulstein set seg som mål å vere i forkant i utviklinga av fartøysteknologi, og brukar X-CONNECT-arkitekturen sin som plattform for produkt slik som ULSTEIN IAS og ULSTEIN PMS, som er kobla mot digitale og autonome system om bord. X-CONNECT er grunnlaget for noverande og framtidige system, og samlar dei på éi plattform. Dei som jobbar på land eller på skipet får dei dataene dei treng til å ta avgjersler som kan forbetre effektiviteten i operasjonane, miljøpåverknaden og verdien for interessentane, og ein får tilbakemelding til å utvikle dei nye generasjonane med design frå Ulstein.

Konseptet knyter saman system, data og menneske, men er også, som konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein fortel, med på å gjere Ulstein like relevant for bransjen også i tiåra som kjem.

Ønskjer endring velkomen

– Framtida er like vanskeleg å spå i 2017 som i 1917, fortel dei to. – Det einaste som er konstant er endring, og vi forventar at endring, drive fram av kontinuerleg digital utvikling, vil akselerere i åra som kjem.

– Skipseigarar som ikkje klarer å halde tritt med dette, vil sakke etter, medan dei som jobbar med endring, og vel å køyre endring fram når det er mogleg, alltid vil vere i forkant av bransjen når det gjeld å møte kundane sine behov og etterspurnaden i marknaden.

– Vi kan sjå tilbake på 100 års aktivitet med mange viktige milepælar for oss sjølve og for den maritime næringa. Ved å halde fram med å levere framtidsretta produkt og tenester, ser vi fram mot nye milepælar dei neste 100 åra.

– Vi har utvikla oss mykje sidan starten som ein liten verkstad i Ulsteinvik, oppsummerer dei. – No ser vi framover på kva retning vi skal ta, og kvar vi, med den rette miksen av erfaring og maritim innsikt, kan føre kundane våre i framtida.»

Polar Onyx blir sjøsatt frå Dokkhallen. Foto: Marius beck Dahle.

Fakta

Utviklinga av Ulstein, 1917-2017

1917 – Etableringa av Ulstein mek. Verksted av Martin Ulstein og Andreas Flø

1924 – Ulstein blir ein agent for Rapp-motoren – ein tidleg start på pakkeleveransar

1957 – Ulstein går i samarbeid med Volvo Penta om å levere utstyrspakkar. Selskapet bygger sitt første stålskip, bilferja Torulf

1965 – Produksjonsselskapet Ulstein Propeller vert etablert

1969 – Olje vert oppdaga på norsk kontinentalsokkel

1974 – Ulstein byggjer sine første offshorefartøy, UT704 / UT705, spesielt designa for dei røffe forholda i Nordsjøen

1980 – Utviklar ‘VROS’ – den vridbare, oppsvingbare thrusteren

1983 – Kjøper Peilo Teknikk, som er spesialisert innan peileutstyr og elektronikk. Bedrifta skifta namn til Ulstein Marine Electronics

1985 – Ulstein utfører sitt største enkeltoppkjøp ved kjøpet av BMV-gruppa, noko som doblar talet på tilsette. Med dette blei Ulstein ein av verdas største produsentar av skiputstyr og design

1991 – Kjøper Tenfjord A/S, ein produsent av styremaskinar. Oppkjøpet gjorde at bedrifta skifta namn til Ulstein Tenfjord A/S

1992 – Oppkjøp av Hydraulik Brattvaag og deira vinsjproduksjon. Namneskifte til Ulstein Brattvaag

1998 – Kjøpte den amerikanske propellprodusenten Bird-Johnson

1997 – Ulstein-konsernet notert på Oslo Børs

1999 – Vickers/Rolls-Royce kjøper 90% av konsernet. Ulstein held fram med skipsbygging

2000 – Ulstein Design etablert for å utvikle ny designportefølje

2002 – Lansering av første fartøy frå det nye Ulstein, det multifunksjonelle ankerhandteringsfartøyet ‘Olympic Hercules’

2005 – X-BOW®-skrogforma vert lansert, samtidig som kontrakt på første skip med dette designet vert gjort kjent

2014 – Introduksjon av hekkløysinga X-STERN, ei vidareutvikling av X-BOW

2015 – Ulstein markerer byggekontrakt på X-BOW nummer 100

2017 – Byggjekontrakt på verdas største plug-in hybridfartøy

2017 – Gjennombrot for cruiseskipsdesign frå Ulstein

2017 – Ulstein markerer sitt 100-årsjubileum. Takk til alle som har vore med oss på vegen i vårt første hundreår!