Av Svein Nordal

–Då stefaren min nyleg anka dommen han fekk for hundrevis av seksuelle overgrep mot meg, var det eit nytt, stort sjokk. Det var endå eit overgrep.

Det seier ei sytten år gammal jente frå Søre Sunnmøre. Vi møter henne og mora (46) på ein nøytral stad i heimkommunen. Berre eit par dagar har gått sidan den tidlegare stefaren og ektemannen anka dommen på fire og eit halvt års fengsel for gjentekne overgrep mot stedottera frå ho var ti til ho var femten år gammal. Stefaren har erkjent de faktiske forhold, men meinar straffa er for streng for 400 overgrep…

I campingvogna

Det første overgrepet skjedde i ei campingvogn på Austlandet då jenta var ti år gammal. Ho og stefaren var på tur dit utan resten av familien. I løpet av det neste året – altså 2011/2012 – vart ho utsett for ytterlegare to overgrep i campingvogna.

–Etter det nekta eg å bli med han åleine på turar til campingvogna. Og eg sa at det var fordi der var så kjedeleg, sidan der ikkje var internett, fortel jenta.

STERKE: –Eg vil ikkje bli sett på som eit offer resten av livet. Eg skal kjempe meg gjennom dette, seier dottera. -Ja, vi skal stå han av, seier mora. Saman flyttar dei tilbake til Nord-Norge til sommaren. Foto: Svein Nordal

Suicidal

Nokre månader utan overgrep følgde, men så begynte stefaren å forgripe seg på jenta heime i huset, også medan mor var heime – og frå 2013 til desember 2015 vart jenta utsett for tre til fem overgrep kvar einaste veke.

–Enkelte veker kvar einaste kveld i alle veka sine sju dagar. Det var forferdeleg. Eg vart deprimert, byrja å kutte meg opp, og vart suicidal. Ville ta livet av meg…

Sette foten ned

Jenta fortel at ho sette foten ned i desember 2015, og nekta stefaren å ta bort i henne meir – heilt ned til handtrykk eller tilfeldig å kome bort i henne. Så – i oktober i fjor – fortalde ho det til ei helsesøster. Politiet vart varsla, rettssaka var i starten av april, og stefaren hadde på førehand tilstått alle forholda – altså fleire hundre tilfelle av overgrep.

–Han sa at han ikkje skulle anke av omsyn til meg. Så gjer han det likevel – og vi må gjennom ei ny, opprivande rettssak. Kanskje må eg vitne også. I lagretten…eg trur ikkje at eg må det, men fryktar og er redd likevel.

Alle menn?

Mor til jenta, som har tatt ut skilsmisse ved dom mot den tidlegare ektemannen, fortel at ho knapt kan gjere greie for den første veka etter at ho fekk vite at mannen ho då var gift med, hadde forgripe seg på dottera hennar.

–Eit totalt sjokk! På førehand hadde eg ikkje i min villaste fantasi forestilt meg at han kunne utføre slike handlingar. Tankar i den retning hadde overhode ikkje slått meg. Og når han kunne vere slik, har eg byrja å tenkje «jammen, då kan jo kven som helst vere det». Alle menn – også slike ein normalt hadde trudd det minst om…

«Glad i barn»

–I etterpåklokskapens lys – klandrar du deg sjølv for at du ikkje såg teikn på kva som skjedde bak din rygg?

–Han var sjukemeld i lange periodar, deprimert og utmatta. Og påstod at årsaka var eit turbulent tidlegare ekteskap. Men han verka kjærleg og som om han verkeleg brydde seg om dottera (og sonen) min. Ein slik som er glad i barn. Men at det skulle arte seg på den måten … huff, nei….

Mor fortel at den no overgrepsdømde stefaren til og med diskuterte med henne om den no 17 år gamle jenta kunne ha vore utsett for overgrep tidlegare. Dette var diskusjonstema mellom det gifte paret etter at jenta byrja å få psykiske problem, og jamnleg hadde konsultasjonar på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) på Volda sjukehus.

Klespoker

–Men ein episode ser eg i ettertid at eg burde ha tatt meir alvorleg. Nemleg då eg fekk vite at han hadde spelt klespoker med dottera mi då ho var ti-elleve år gammal. Han påstod at han hadde stoppa det heile tidleg, og at han hadde gjort det for å teste ut grensene hennar, med tanke på det vi hadde diskutert om mulege overgrep. Men eg vil ha det heilt klart fram at eg sa frå til han at slikt var HEILT uakseptabelt. At han burde forstå at ein vaksen ikkje spelar klespoker med ein unge. Dette var det første overgrepet. Men han sa at han fortalde meg alt og heile sanninga, slik at det ikkje skulle oppstå mistydingar om dottera mi skulle nemne denne hendinga – for tenk om ho hadde sagt noko!

–No i ettertid ser eg at han fortalde ting som kunne ha styrka min mistanke om at noko hadde skjedd med ho, seier mor.

OVERGREP: Illustrasjon. Foto: Colourbox.com

Nært forhold

Jenta, ein bror og mora flytta til Søre Sunnmøre frå Nord-Norge i 2007 – etter at mor vart skild frå sin første ektemann, barna sin far.

Jenta fortel:

–Eg var den gongen seks-sju år gammal, og sikkert ganske kontaktsøkande sidan eg ikkje lenger hadde særleg kontakt med min biologiske far. Og den nye stefaren min virka lenge heilt normal. Ja, faktisk meir enn det – han var slik eg tenkte at ein far skal vere. Han tok seg veldig mykje av meg, verka omsorgsfull, og vi hadde eit nært forhold. Viss eg fekk problem av noko slag, var det han eg gjekk til og fortalde om det – ikkje til mamma…

«Pappa-varme»

Jenta hadde problem med at ho var mørkeredd og hadde problem med å sovne om kveldane. Og den nye stefaren kom og trøsta henne, la seg ved sida av henne i senga, og han omtalte det sjølv som «å ligge på pappa-armen» og «få pappa-varme».

Det var denne nære fysiske kontakten som etter kvart utvikla seg til overgrep, og altså eskalerte til inntil sju kveldar med overgrep per veke.

–I starten var eg så ung at eg ikkje visste at det var gale, det som skjedde. Men eg syns det var ubehageleg, og byrja å gråte. Då stoppa han, og bad om unnskyldning. Desse unnskyldningane kom med jamne mellomrom gjennom alle åra han forgreip seg på meg. Så var det kanskje ein kort pause, før han byrja på han igjen…

Sjølvmordstankar

Overgrepa førte til at jenta fekk psykiske problem, depresjon og sjølvmordstankar. Far køyrde henne gjerne til konsultasjonar med psykolog i Volda.

–Eg kopla faktisk ikkje depresjonen min med overgrepa til å byrje med. Eg fortrengde det som hadde skjedd – ja, til og med idet det skjedde. Det heile var noko uverkeleg, på ein måte. På turane til og frå psykologen, byrja han gjerne å prate om overgrepa, og då stoppa eg han alltid. Vart rasande. Eg ville ikkje snakke om det. Og i alle fall ikkje med nokon utanforståande!

Mora seier:

–Stefar deltok på samtalar med BUP der mistanken vart lagt fram, og dottera mi fekk også spørsmål om noko slikt hadde skjedd. Men det nekta ho for. I ettertid har eg spurd dottera mi kvifor ho ikkje sa noko om det då. Ho svara «Mamma, han sat på gangen og venta på meg, og han skulle jo køyre meg heim. Og så ville eg ikkje at du, mamma, skulle vite om det». Ho fortalde meg at ho jobba hardt med å skjule sanninga for meg – så hardt at ho fortrengde alt. Og sa «Du finn jo ut alt mulig, enten ein seier det eller ikkje».

Og overgrepa vart altså uoppdaga av psykologane på BUP i Volda.

Uhyggeleg stemme

Som nemnt sette jenta sjølv foten ned og fekk slutt på overgrepa då ho var femten. All berøring var forbode. Men depresjonane og angsten vart ikkje noko betre, og etter kvart sa ho klart frå til stefaren at ho ville fortelje nokon andre om det som hadde pågått så lenge. Stefaren sa at viss ho gjorde det, ville familien gå i oppløysing.

Ein dag døsa mor på sofaen, og i halvsøvne høyrde ho jenta seie: «Eg må seie det til nokon – eg klarer ikkje å bere på dette åleine lenger». Stefaren svara med merkeleg stemme: «Då vert alt forandra. Livet blir aldri som før».

–Lyden av stemma hans var uhyggeleg. Eg hadde aldri høyrt røysta hans slik før. Eg spurde kva dei snakka om, og dottera mi svara: «Eg vil slutte på skulen». Eg trudde ikkje ein augneblink på den forklaringa.

Makta ikkje å snakke

I oktober 2016 fortalde jenta om stefar sine overgrep til han som då var kjærasten hennar, og deretter gjekk ho til helsesøstera på den vidaregåande skulen ho går på.

–Eg sette meg overfor henne og var fast bestemt på å seie det. Men ingen ord kom ut av munnen min. Eg berre gret. Men så fekk eg ein lapp og skreiv: «Eg har blitt utsett for seksuelle overgrep av stefaren min», eller noko slikt.

Skulen kontakta politiet, og etterforskinga starta.

Toppen av isfjellet

Nokre dagar etter sa stefaren til mor: «Eg har tatt på dottera di på ein måte som ein far ikkje bør gjere». Han påstod det hadde skjedd ved tre høve.

–Eg fortalde kva han hadde sagt til dottera mi, og ho sa: «Tre?? Det er minst fire!». Eg forstod med ein gong at det truleg var endå fleire gongar det hadde skjedd. At dette berre var toppen av isfjellet. Og fann snart ut at det stemte.

–Det var like uventa som å bli skylt bort av ein tsunami midt i Sahara. Fullstendig uventa og surrealistisk. Umulig….

Vil ikkje vere offer

–Kvifor vel de å gå ut med denne historia offentleg?

Jenta svarar:

–Eg vil fortelje at eg ikkje vil bli sett på som eit offer. Eg skal kjempe meg ut av dette, og kome vidare i livet. Ja, eg har fått post-traumatisk stress-syndrom på grunn av overgrepa: Eg slit med depresjonar, og kan få angstanfall av den minste ting. Ei lita prøve på vidaregåande kan få meg til å nesten tru at dette er slutten, og føler eg vert kvelt. Men eg går på skulen, og eg får ståkarakter i alle fag, trass i problema mine.

–Ikkje nøl!

–Og til alle andre som er eller har vore utsette for overgrep, og ikkje veit om dei tør å gå ut med det: Gjer det! Det er verdt det! Og det vert betre etter at du har fortalt om det. Alt er betre enn å prøve å stengje inne alt det vonde, og måtte leve med slikt lukka inne i seg resten av livet. Det vil kome opp til overflata før eller seinare uansett, i form av alle slags problem. Så det er ingen grunn til å nøle: Sei det først til nokon du stolar på, og deretter til profesjonelle. Viss ikkje, kan verkebyllen briste når du skal gifte deg, få ditt første barn, – eller når som helst.

Takk til politi og skule

Mor seier:

–Mange er i den same situasjonen som oss, og får livet lagt i grus. Ingenting er eller var som eg og vi trudde. Men vi skal reise oss. Skulevesenet og politiet har vore fantastiske i den vonde tida. Takk til dei for det. Og vi skal kome oss gjennom dette. Reise oss saman.