Av Svein Nordal

Oddmund Arne Myrvold har sona 27 år i fengsel. Dei første 15 åra for nokså umotivert å ha tatt livet av ein drosjesjåfør i Bergen med over tjue knivstikk, fortel han meg idet eg køyrer han heim frå Blåhuset i Ulsteinvik til den kommunale leilegheita oppe i bakkane.

UØNSKA: – Eg er heilt klart ikkje velkomen her. Eg har til og med fått tilbod om pengar for at eg skulle «hute» meg herifrå, seier Myrvold.

Deretter følgde ein dom på tolv års fengsel for overgrep mot ei mindreårig jente i Nordland. Dommen fall i 1990, fortel Myrvold, som påstår at han i dette tilfellet vart uskuldig dømt.

– Drosjemordet tek eg på mi kappe. Eg gjorde det, sjølv om eg ikkje kan forstå kvifor. Men pedofil er eg ikkje! Ein slik gris er eg ikkje…. rett nok har eg alltid likt damer, men herregud! – dei må jo vere over ein viss alder, seier Oddmund, før han må hive etter pusten og ta det meir med ro.

– Eg har hatt kols i mange år. Berre nokre få steg får meg til å bli totalt andpusten, seier han og lener seg tilbake i passasjersetet. Hiv etter pusten.

Funklande stålreiskap

Vi kjem fram til leilegheita, og vi ber varene inn i leilegheita, der det er sparsamt møblert, ryddig, og med pyntegjenstandar og kvitevarer kjøpte på bruktbutikken. I boligkomplekset ved sidan av bur psykisk utviklingshemma. Oddmund har fått tildelt denne bustaden som erstatning for bilen han budde i fram til 2015. Ofte parkerte han under Herøybrua når det nærma seg natt og sengetid. Praten gjekk blant folk, rykta svirra, og mange lurte på kva slags omstreifar som hadde fått tilhald i området.

Vel inne i leilegheita spør eg om å få låne toalettet.

– Ja, det er der inne – men det er berre skyvedør, fortel Oddmund.

Ok. To minutt seinare: Eg kjem innatt på stova, og eit par meter unna står Oddmund med ein funklande stålreiskap. Det er vinopnaren.

– Må berre ha meg litt vin medan vi pratar, smiler 71-åringen. Han er tynn og sliten, det grå håret har han stroke tilbake frå det furete ansiktet.

Drosjemordet

Det er søndag 31. mai 1970. 24 år gamle Oddmund Arne Myrvold har sjekka inn på Hotell Slottsgården i Bergen to dagar tidlegare. Han har nyleg bak seg to månader i varetekt for å ha trekt kniv mot ein drosjesjåfør i Ålesund og tvinga han ut av bilen.

BERGEN: 31. mai 1970 gjekk Oddmund Myrvold inn i ei drosje i Bergen. Kort tid etterpå myrda han drosjesjåføren med over tjue knivstikk.
Illustrasjonsfoto: colorbox

Denne søndagskvelden i Bergen har han på nytt bestilt drosje…

Snart sit han i den store Toyota Crownen, og bak rattet sit ein 55 år gammal taxisjåfør. Dei køyrer i retning Laksevåg. Når dei kjem fram dit, ber Myrvold plutseleg taxisjåføren om å stoppe.

Deretter tek han fram ein kniv frå baggen sin og stikk sjåføren gong på gong. Så plasserer Myrvold den døde drosjeeigaren i baksetet og tek over rattet. Køyrer så opp til Tennebekkvatnet, der han skjuler den døde i eit kratt og dekkjer han til med gummimatter frå bilen. Han kvittar seg også med taxiskiltet og dei to knivane sine før han køyrer av garde i drosjebilen.

På flukt

Liket vert funne av to vassverkarbeidarar måndag morgon, og seinare på dag vert Toyotaen funnen på Vangsnes i Sogn. Myrvold er forsvunnen, men politiet har fått signalement av han. Seint måndag kveld har Myrvold kom fram til Florø, og sjekkar inn på Victoria Hotell, der han får tildelt rom 402.

Politiet har sendt signalementet til hotell i eit stort område, og hotellpersonellet varslar politiet i Florø. Då politiet kjem til hotellet, flyktar Myrvold ut på taket, set seg ytst på mønet og truar med å hoppe dersom politiet nærmar seg. Etter tre timar overgir han seg – etter å ha fått røyk, smørbrød og to pils av politiet.

(Kjelde: Bergensavisen).

LSD?

– Ja, eg gjorde det der. Men korleis eg kunne finne på noko slikt, er heilt ubegripeleg. Eg huskar ikkje så mykje av forløpet, men eg huskar at eg rømte ut på eit tak ein eller annan stad, og at eg vart arrestert.

Myrvold har ein teori om kva som kan ha fått det til å klikke på denne måten:

– Eg drakk øl på hotellet i Bergen, men ikkje så mykje. Etter at eg hadde vore på toalettet drakk eg opp resten av øla, og seinare var eg heilt utanfor meg sjølv. Kanskje putta einkvan LSD eller anna narkotika opp i øla. Ikkje veit eg…

– I alle fall resulterte ugjerninga i femten års fengsel.

Psykopat

– Dei fire første åra sat eg i isolat. Eg orka ikkje ein gong å gå ut og lufte meg, låg berre rett ut på cella i perioder. Gjennom alle desse åra har eg sett mykje rart i norske fengsel – fangar som heilt klart i staden burde ha vore på psykiatrisk sjukehus. Eg har vore vitne til at ein fange kutta av seg begge beina i ei metallkappemaskin. Ein annan stakk ut begge augene med syl. I nyare tid har vi jo eitt soleklart døme på ein fange som burde ha vore på psykatrisk – nemleg Anders Behring Breivik. Når ein ser på kva han gjorde, er det jo klart at mannen er gal!

– Og herregud! Etter mitt syn er jo dei fleste psykologar gale, – dei hadde jo ein grunn til å føle slik fascinasjon for å studere psykologi. Truleg i seg sjølv, resonnerer Oddmund og fyller opp vinglaset.

– Javel? Og kva med deg sjølv?

– Meg sjølv? Ja, eg vart jo utgreidd opp og i mente. Ved eitt høve konkluderte psykologen med at eg er ein reinhekla psykopat! Og psykopati finst det jo ikkje medisinering for!

– Såpass ja? Så du er eit håplaust tilfelle?

– Ifølge han der ja.

Myrvold ler, ristar på hovudet, og tek seg ein liten sup vin.

Tyskarunge

Myrvold vart fødd 4. juli 1945, og vaks opp i Molde. Mora var opphavleg frå Vesterålen, medan faren var tysk soldat om bord på ein ubåt.

– Han ligg ein eller annan staden utanfor norskekysten. Eg var ikkje den einste tyskarungen mor hadde, og ho vart seinare gift med ein alkoholikar, min stefar. Det var ikkje alltid mat i huset. Men stefaren min var snill, og berre lot som han gav meg bjørkeris når mor mi kravde det. Han bad meg om å hyle, og då ho hørte det, var ho nøgd…

– Som tyskarunge – vart du mobba?

– Nei, dei andre ungane gjekk berre forbi meg utan eit ord. Men mor til ei som eg var saman med, sa «der kjem tyskarhora» om si eiga dotter – berre fordi ho var saman med meg. Det gjekk veldig sterkt innpå meg.

– Så det var barndommen som fekk deg ut på skråplanet?

– Eg trur eg hadde det relativt bra, eigentleg. Som gutungar flest likte eg å leike og ha det gøy. Laga båtar som eg leikte med nede i fjøra. Skikkeleg flotte – skulle ikkje tru det var eg som hadde laga dei… Eigentleg huskar eg ikkje så mykje. Og det er kanskje like greitt, for det var vel ikkje alt som var like bra, nei.

Myrvold drog på fiskeri, blant anna til Island og Grønland, og vart far veldig tidleg, men har ikkje hatt særleg kontakt med sonen etter at han var fire år gammal. Og så skjedde det fatale i Bergen, og femten års fengsel fulgte.

Eg prøver å få Myrvold til å forklare korleis det kunne skje: Overgangen frå fiskar med familieliv og ein liten son – til tilstanden han var i i Bergen, der han umotivert tok livet av ein drosjesjåfør på jobb. For så å flykte. Det lukkast ikkje. Myrvold har inga forklaring på dette. Hukommelsen hans virkar noko selektiv.

Etter kvart som samtalen skrid fram, løyser stemninga seg noko opp. Myrvold har ein viss grad av humor, men får stadig nye assosiasjonar som gjer at han skiftar tema, og må leiast tilbake på sporet. Han pratar om skilnaden på den pietistiske sunnmørsguden og Jahve, Jehovas Vitner, om prestar og hyklarar, om heimetenesta som han meiner doper ned brukarar, og så vidare.

– Enkelte kristne og prestar vil vere dei første til å gå fortapt. Ikkje for det – eg var kristen sjølv, då eg sona på Ila. Det var predikant Ludvig Karlsen og heile pakka…

Overgrepssaka

Dei siste fengselsåra etter drosjemordet hadde han open soning, og fekk sjåførjobb allereie før straffa var over. I 1985 var han igjen ein fri mann, og han flytta til Vesterålen. Friheita varte ikkje så lenge, for i 1989 vart han igjen arrestert, denne gongen for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente. Dommen fall i 1990: Tolv års fengsel.

TRYGDEBUSTAD: – Eg har budd her i snart to år. Før det budde eg ein periode i bilen min, og overnatta som regel under Herøybrua.

– Her har eg eit etisk dilemma, Myrvold: Du har sona ferdig, påstår du ikkje har gjort det, men vart dømt, og sat i fengsel i 12 år. Du er klar over at når du står fram med namn og bilde som pedofili-dømt, så kan du få problem?

– Ja, men det er jo sanninga. Både at eg er dømt for det, og at eg nektar for å ha gjort noko slikt. Som kontrast til drosjemordet. Ja, det er eg som er drosjesjåfør-mordaren. Med kniv gjekk eg til angrep på ein mann – utan at eg kan forklare kvifor – men ja, det var eg som gjorde det.

– Overgrepa eg vart dømt for, var det andre som stod bak. Langt meir respekterte menneske enn meg, og dei skubba skulda over på meg, hevdar Myrvold, som viser til at han har sona saman med Per Liland og Fritz Moen.

– Til slutt kom det fram at dei var uskuldig dømde, og dei fekk millionerstatningar, seier Myrvold.

Som like fullt vart dømt for overgrep, og fekk ei ny, lang fengselsstraff.

– Dommen var altså på tolv år – men dei fleste slepp jo ut før alle åra er sona?

– Ikkje eg. Det hadde vel samanheng med at eg fekk livsvarig fengsel for drosjemordet, og kom ut etter femten. Dermed har eg vore i fengsel i 27 år til saman – like lenge som Nelson Mandela.

Sov i bilen

Etter at soninga var slutt, flytta han denne gongen tilbake til Sunnmøre – sjølv om han på ingen måte likar det han meiner er mentaliteten her:

– Nei! Ytre Søre Sunnmøre er prega av pietisme, overtru og fordømming. Eg skulle aldri ha flytta tilbake hit, – på same vis som eg aldri skulle ha flytta til Nordland etter det første fengselsopphaldet mitt. Då ville eg aldri ha blitt dømt for overgrep, meiner Myrvold.Ex-fangen si einaste daglege rutine er ei runde innom Blåhuset, biblioteket og brukthandelen.

– Og eg er sjølvsagt på ingen måte velkomen: Eg har blitt tilbydd pengar for å fare herifrå, hevdar Myrvold, som ei tid budde i leilegheit i Ulstein kommune, og delte tida mellom leilegheita og kjærasten i Danmark. Leilegheita fortel han at han selde billeg. Så døde kjærasten i Danmark, og han reiste nordover igjen. Budde i bilen – ein Peugeot – og brukte oftast å parkere under Herøybrua om natta.

– Eg tenkte det var like greitt å finne ein fast plass å overnatte, så visste folk i alle fall kvar dei kunne finne meg. Såg ingen grunn til å drive og gøyme meg, og parkere på bortgøymde stader. Å sove i bilen gjekk greitt til å begynne med, men det livet tok etter kvart på. Så var det at eg hamna på trygdebustad i 2015.

Fobiar

Myrvold framstår som filosofisk, relativt intelligent, men med stor mistru til omverda

– Eg trur fengselsstraffa gjorde meg slik – fire års isolasjon – ei stund låg eg berre i køya og las. Lesing og skriving er min store lidenskap. Eg fekk mange fobiar på grunn av isolasjonen – heiser, tunnelar – frykt for å bli stengt inne.

– Ja – då vi gjekk ut frå Blåhuset i sta, ville du ikkje gå gjennom svingdøra.

– Nei, det er nok endå ein fobi. Eg reknar med at den vil stoppe. Og eg har ikkje krefter til å skyve døra i gang igjen….

– Med di fortid er vel folk redde deg?

– Eg veit ikkje. Eg pratar med alle. Men ein kar sa til meg: «Du er farleg du», og eg svara «det er vi vel alle»  Vi veit ikkje så mykje om meininga med livet, men det vi alle veit, er at vi lever i ei vond verd. Og kvinner er onde. Dei kan aldri få nok. Men slik er naturen og livet – vi er dyr. Rovdyr.

Fordømminga

– Du meiner det ja? Men viss du var ung igjen og skulle leve livet på nytt – kva hadde vore draumen?

– Eit hypotetisk spørsmål. Eg ville i alle fall ikkje ha levd dette livet om igjen. Eg har stort sett feila, og no sit eg her. Alt eg vil er å rømme bort herifrå, til varmare strøk, bort frå pietismen og fordømminga på Sunnmøre. Når det blir varmare i veret, dreg eg. Men det må vel ein lottogevinst til for at eg kan kome meg til helvete herifrå. Men det kan eg vel berre gløyme, og eg har slutta å kjøpe lottokupongar. Ingen vinn i lotto.

– I alle fall ikkje eg. Som er satan i mange sine auger.