Av Svein Nordal

Det meiner Odd A. Folkestad, Frp-representant i formannsskap og kommunestyre i Volda. Han ber sine kollegaer i kommunestyret om straks å oppløyse styringsgruppa for felles samferdslepakke Ørsta/Volda – og så raskt som råd avvikle avtalen med konsulentfirmaet Gode Vegar.

Bondefanga

–Det var då drastisk, Folkestad. Kvifor?

–Eg meiner ørstingane har bondefanga urutinerte Volda-politikarar. Dei har køyrt gjennom at prosjekta Voldatunnelen og Ørstafjordkryssing liksom skal vere «tvillingprosjekt» linka til kvarandre – noko som Statens Vegvesen forøvrig har åtvara sterkt imot, sidan dette kan skubbe prosjekta langt inn i framtida, ja, på ubestemt tid.

SENTRUM: E39 vil tråkle seg gjennom Volda sentrum fram til Voldatunnelen vert realisert.

–Og om ikkje dette var gale nok, så har ørstingane laga til ei lang, lang smørbrødliste med vegprosjekt dei skal ha gjennom i «samferdslepakke Ørsta/Volda» – alle mulege slags vegprosjekt i Ørsta sentrum og rundt om i Ørsta kommune. Volda har stått med lua i handa, og fått skubba eit så viktig prosjekt som ny ferjekai/ferjekaikrysset langt ned på lista! Samtidig som Volda ferjekai er i ferd med å forvitre og rause ut, og ferjekaikrysset er svært farleg.

Kaos

Dagleg er det store køar og problem med å kome seg frå kaia og inn på E39, – eller frå E39 og inn på ferjekaia. I retning Ørsta er vegstandarden forbi dei svingete Vikane nærare bustadfelt-standard enn europaveg-standard – og E39 tråklar seg tvers gjennom Volda sentrum, blant anna i to 90-graderssvingar. I krysset ved Spinneriet er det ofte tilnærma trafikk-kork.

Voldatunnelen frå området nedanfor sjukehuset til rundkøyringa i Furene er tenkt å løyse dette problemet, men tunnelprosjektet har no blitt skubba bak til Nasjonal Transportplan-perioden 2022 – 2026.

–Og det at Voldatunnelen no er bunden fast til Ørstafjord-kryssinga gjer at eg fryktar for at tunnelen vert bygd i det heile, seier Folkestad.

Venelause

–Men er å kutte samarbeidet med Ørsta det rette å gjere for det?

–Ja. No har vi prøvd å samarbeide, og sett at det ikkje går. Vi har ikkje noko anna val no. Og Ørsta har jo ingen andre «samferdsle-vener» att, nettopp på grunn av denne iveren for ei Ørstafjord-kryssing. Regjeringa har jo tydeleg valt Hafast framfor Fefast. Denne kampen for ei Ørstafjordkryssing er ei fiendtleg handling overfor Ytre Søre Sunnmøre – eit forsøk på å leie trafikken mot Festøya – Solavågen, meiner Folkestad.

–I Volda var vi inne i ein god samferdsledriv før vi inngjekk dette samarbeidet med Ørsta. No stoppar ting opp, og vi risikerer at det ikkje blir noko av noko. Difor gjeld det å handle raskt no, avvikle dette samarbeidet, og leggje vår eigen strategi, meiner Folkestad.

Historielaust

Kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem i Ørsta, Paul Kristian Hovden (KrF) er ein like dedikert samferdslepolitikar som Folkestad. Og han håper inderleg at dei andre Volda-politikarane ikkje følgjer Folkestad sitt råd.

SAMARBEIDSLINJE: Paul Kristian Hovden håper inderleg at Volda-politikarane ignorerer oppmodinga frå Folkestad. –Utan dette samarbeidet vil det vere lite vi får til, seier han. Foto: Svein Nordal

–Dette er historielaust! Kommunestyra i Ørsta og Volda hadde i 2012 likelydande vedtak om å prioritere både Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga. Og det er ikkje Ørsta si skuld at Voldatunnelen ikkje vart prioritert i første NTP-periode, men for perioden 2022-2026. I Ørsta har vi heile vegen støtta Voldatunnelen, så denne prioriteringa må andre ta på si kappe, seier Hovden.

–Ørstafjordkryssinga vil få gjennomgangstrafikken på E39 utanom Ørsta sentrum, Voldatunnelen vil ha same effekt for Volda sentrum. Vi har felles interesser. Og det burde vere lett å forstå at i tunge, samferdslepolitiske saker vil vi begge tene på å stå saman, enn å kjempe åleine. Så får vi heller diskutere detaljane.

For mange prosjekt

–Men Folkestad viser til Ørsta si lange «smørbrødliste» med små og store tiltak i Ørsta sentrum, blant anna?

–Ja, og på det punktet er eg faktisk samd med Odd A. Folkestad. Skal ein få gjennomslag er det ikkje lurt å ta med alt muleg, smått og stort, i ein slik samferdslepakke. Etter mitt syn bør vi ilag konsentrere oss om dei to store prosjekta, Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga. Og kjempe for desse ilag. For Ørsta sin del vil dessutan Ørstafjordkryssinga gjere mange av tiltaka i sentrum overflødige, sidan vi då vil vere kvitt gjennomgangstrafikken.

–Så mitt enkle råd til Volda-politikarane er at dei bør sjå bort frå Folkestad si oppmoding om å kutte samarbeidet. Åleine vil det vere lite vi får til.