Av Svein Nordal

Wenche budde i Tjørvåg og på Moltustranda i Herøy kommune frå ho var atten til ho var 42 år gammal. Då flytta ho tilbake til sine opphavlege heimtrakter ved Drammen, og let seg røre av NRK-programma om «Petter Uteligger».

Inspirert av TV

– Det er ikkje alle som har det like godt som folk flest i Norge. Særleg ikkje dei narkomane, som er mykje ute på gata i minusgrader – i tillegg til alle andre problem dei har. Særleg godt kledde er dei heller ikkje, seier Wenche.

PRODUKT: Wenche og dei andre strikkarane produserer mange fine og varme produkt som blir gitt i julegåve til narkomane.

Sidan ho elskar å strikke, fekk ho etter programmet ideen til å produsere varme genserar, luer og vottar/hanskar til dei narkomane. Første året vart produkta nyttårsgåve, men i fjor og i år vert det førjulsgåver til narkomane.

Støtte frå heile Norge

Wenche har også starta facebooksida «Prosjekt strikk til narkomane», og har fått støtte frå heile landet.

– Ja, eg mottek massevis av pakkar med klede frå andre strikkarar rundt om i Norge. Andre igjen sender garn eller pengar til garn. Og nokre av dei som har meldt seg inn i «strikkesamfunnet» har valt å sende kleda til dei narkomane i sin næraste by eller tettstad, fortel Wenche, og legg til:

–Utan denne landsomfattande støtta hadde det ikkje monna mykje – altså om det berre var eg sjølv som dreiv på med dette…

Bymisjon og institusjonar

Sjølv leverer ho det ho produserer eller får tilsendt til Drammen Bymisjon, som står for utdelinga av kleda til dei narkomane. Også nokre andre mottakarar er det, mellom andre behandlingsinstitusjonar.

Treng fleire!

MYKJE ARBEID: Wenche strikkar året rundt, til glede for mange som ikkje har det like bra som gjennomsnittet.

– Og behovet er så stort at eg veldig gjerne tek imot fleire gåver frå strikkarar. Det er berre å melde seg inn i facebook-gruppa og gå i gang – eller ta kontakt direkte med meg, seier Wenche, som fortel at ho har mange støttespelarar frå Søre Sunnmøre.

– Dei fleste er privatpersonar, men i fjor sponsa Coop Marked Tjørvåg meg ved å sende to norgeskasser med varme klede nedover til meg i Drammen, fortel Wenche.

45-åringen er uføretrygda, og har tydelegvis eit varmt, bankande hjarte for dei som kanskje har det aller verst i det norske samfunnet.

Håpar på bi-effekt

–Har du nokon ideologi eller ei tru bak dette engasjementet?

–Nei. Inspirasjonen var at det rørte meg slik å sjå TV-programma om «Petter Uteligger». Og eg tenkte at eg må bry meg, gjere noko. Som sagt – det ligg kjærleik bak kvar ein maske, og det ligg jo mykje godt arbeid og tidsbruk bak ein god, fin og varm ullgenser, til dømes.

– Ja, kanskje kan dette få dei narkomane til å skjøne at det er nokon der ute som bryr seg også – og det kan muligens ha andre effektar enn berre å varme dei fysisk?

–Kanskje – og om det skjer, er det fantastisk. Men min tanke har vore så enkel som at dei ikkje skal fryse meir enn nødvendig. Sjølvsagt håper eg at flest muleg av dei narkomane kjem seg ut av den forferdelege situasjonen dei er i, seier strikkesamaritanen Wenche Oddny Abeltun Tarberg.