Av Svein Nordal

Kraftsalven kjem frå Knut Hustad i Hjørundfjord Bondelag, som saman med kollegaer frå Ørsta kommune i dag aksjonerte mot det dei meiner er sterkt sentraliserande landbrukspolitikk frå landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og regjeringa si side.

Aksjonen bestod i ei fiktig utforkøyring ved E39 i Rystene i Ørsta.

Det er brot i forhandlingane mellom Norges Bondelag og regjeringa. Bondelaget kravde ei gjennomsnittleg auka i årslønna til bøndene på 39.000 kroner – medan regjeringa sitt tilbod er på 11.000 – knapt ein tredjedel av kravet.

–Og det trass i at andre grupper allereie har fått 16.000 i gjennomsnittleg lønsauke. Vi sakkar dermed framleis akterut, trass i at regjeringa på førehand har sagt at dei skal minske gapet i inntekt mellom bøndene og andre grupper i samfunnet, seier Geir Hole, leiaren i Ørsta Bondelag.

Lever ikkje av prosent

–Og det som no vil skje, er sannsynlegvis at regjeringa vil «tyte» om at bøndene i snitt får 18 prosents lønsauke, noko som i prosent er høgare enn resten av samfunnet, spår Hustad.

–Problemet er berre at utgangspunktet var så lavt for bøndene. Dei fleste ville nok ha foretrekt seks prosent lønsauke på ei inntekt på 400.000 framfor ei påplussing på ti prosent på 200.000, for å seie det slik… Vi lever ikkje av prosent!

Dei aksjonerande bøndene i Ørsta viser vidare til at det er storbøndene som «stikk av» med den beste lønsauka, også om ein reknar i prosent.

–Ja visst er det det! For dei to tredjedelane av bøndene som har under snittet på 26 mjølkekyr, betyr årets oppgjer at det blir ei lønsauke på berre åtte prosent. Og her i distriktet er det stort sett små og mellomstore gardar. Regjeringa fører ein rein sentraliseringspolitikk, hevdar aksjonistgruppa.

Halverte på ti år

Dei viser vidare til at Ørsta-bøndene i dag får fem millionar mindre i tilskot enn for to år sidan.

–Noko som ikkje berre går ut over oss bøndene, men heile lokalsamfunnet, sidan kjøpekrafta vår stadig vert svekka, seier Hustad, og viser vidare til at bruksnedlegging fører til attgroing, som igjen går ut over reiselivsnæringa.

Hole anslår at talet på bønder i Ørsta – som er nest største landbrukskommunen i Møre og Romsdal – har blitt om lag halvert dei siste ti åra.

–Ja, men nedgangen i talet på gardbrukarar her lokalt har jo faktisk stoppa opp dei siste par – tre åra?

–Det stemmer, og årsaka er oljekrisa og nedgangen i økonomien generelt. Det har ikkje like lett som før å finne seg anna arbeid, seier Hole.

Stikk kjeppar i hjula

Leiaren i Ørsta Bondelag viser vidare til at landbruksministeren har sagt at ein betingelse for betra lønsvilkår er at ein maktar å få ein marknad i balanse og redusere overproduksjon.

–Samtidig har han gjort fleire grep som stikk kjeppar i hjula for dette: Han vil leggje ned opplysningskontoret for kjøt og egg, auke osteimporten frå EU og fjerne marknadsreguleringa for svinekjøt, seier Hole.