Konsernsjef Svein Tore Holsether i Yara kunngjorde valg av skipsdesignar frå scena under markeringa av 150-årsjubileet for Kristian Birkeland, grunnleggaren av det som blei Hydro og Yara, skriv Teknisk Ukeblad.

Marin Teknikk stikk av med den prestisjefylte kontrakten med å designe det som truleg blir verdas første autonome skip i kommersiell drift.

Yara har inngått samarbeid med Kongsberg Gruppa om å utvikle verdas første kommersielle batteri-elektriske og autonome containerskip.

Det omlag 75 meter lange skipet skal ta 100-150 containarar og erstatte 40.000 årlege vogntogturar i Telemark.

– Dette er ein transportrevolusjon Kristian Birkeland verdig. Hans innovative eigenskapar inspirerar oss dagleg, sa Svein Tore Holsether til rundt 200 deltakarar på jubileumskonferansen i festsalen ved Universitetet i Oslo.

Skipet skal kallast «Yara Birkeland» for å heidre fysikaren som i 1905 ved eit uhell oppdaga korleis nitrogen kan trekkast ut frå luft og brukast til gjødselproduksjon.

Levering er planlagt i slutten av 2018 og skipet skal setjast i drift før nyttår. Det vil fyrst segle med mannskap, deretter fjernstyrast i 2019 før det i løpet av 2020 skal starte med autonom segling.

Salgsdirektør Richard Klungsøyr Gjerde i Marin Teknikk er både stolt og glad over kontrakten med Yara.