Den nesten 50 år gamle ferja Fjord-Kongen har transportert passasjerar over heile landet. Då skippar Terje Kragset kjøpte fartøyet på tvangssalg for to år sidan, låg det på Stord. No er Fjord-kongen tilbake til nettopp Stord for å frakte verftsarbeidarar, skriv Skipsrevyen.no

– For oss startar arbeidet i midten av juli, då skal vi transportere arbeidarar ut klokka sju om morgenen og klokka sju om kvelden, seier Kragset til skisprevyen.no.

Den gamle ferga skal ligge ved ein lekter like ved, og er bygd om for oppdraget, og har fått 25 splitter nye kontorplassar, garderobe og kiosk.
Siste par åra har «Fjord-kongen» mellom anna arrangert fjordcruice, arrangert festar og hatt klesbutikk om bord. Eigar Terje Kragset bur til dagleg i Stavanger, men er opphaveleg frå Hakallestranda i Vanylven kommune.