– Den historiske hendinga skjedde altså ved Runde i Herøy kommune, ein optimalt stad med sin overflod av høge bølger, fortel Waves4Power i eit presseskriv.

Systemet er eit resultat av mange år med utviklingsarbeid, prototyper og testing. Anlegget ved Runde er eit fullskala testanlegg, og eit skritt mot kommersiell serieproduksjon. Denne produksjonen vil finne stad ved Fiskåholmen i Vanylven kommune. Stryn-bedrifta Stryvo group AS vil vere ansvarleg for produksjonen.

Sentralt i Waves4Powers energisystem er WaveEl-bøyen, som er 35 meter lang og åtte meter i diameter. Ankerfester av elastisk rep held bøyen i posisjon, samstundes som bøyen har fri vertikal røyrsle. Bøya er knytt opp mot land gjennom 3 kilometer lange spesialutvikla marine kablar.

WaveEL-bøyen kom på plass ved Runde i februar 2016. Allereie etter ei veke fikk anlegget prøve seg i 14 meter høge bølger. Dette var en skikkelig test, sjølv om fortøyingssystemet er designa for å takle vesentleg høgare bølger.

– Vi valde Runde for å teste systemet i dei mest krevjande forhold som finnast. Om vi lykkast her, vil vi lykkast over alt, seier konserndirektør Ulf Lindeløf i Waves4Power.

I april og mai i år blei det komplette anlegget montert og knytt til kraftnettet. Runde Miljøsenter og Tussa Energi, det regionale energiselskapet, har hatt avgjerande roller i å gjere dette mogeleg. Dei marine operasjonane har vore planlagde, overvaka og utført av BlueOrbis AB og Olympic Shipping AS.