Til Møre-Nytt fortel ho at ein av sauene hennar for eit par veker sidan døydde, og undersøkinga frå veterinær viste at eit blodkar ved hjartet på sauen var sprengd. Sauen hadde gått på beite under Hestehornet i Åmdalen.

Også i førre veke var ein av sauene hennar funne død, denne gongen på ei myr ved Krøvelssetra.

-Sauen hadde databrikke som vi kan lese av på nettet. Brikka fortalde at sauen hadde sprunge ein halv kilometer på nokre få minutt. Det er ikkje naturleg at sauer gjer dette, og det skal ikkje så mykje til for å sprenge ein sau. Sauen har heilt sikkert vorte jaga av ein hund. Eg har snakka med folk som fortel at det ofte vert registrert hundar som spring lause i setreområdet, og som spring etter sauer. Vi hadde berre fem sauer, og dei har vore så tamme at dei oppsøkjer folk, seier Eiken til Møre-Nytt.