– No går det betre på nesten alle område innan norsk økonomi, men innan verft og skipsfart er det nokre år til vi er der vi skal vere, seier statsminister Erna Solberg (H) til Sysla.no, som vil at GIEK skal garantere for fiskebåtar, ferjer og hurtigruter

Dermed foreslår regjeringa ei midlertidig ordning dei neste tre åra. , for å kome verfta til unnsetning. Det som fell utanfor dagens låne-ordningar, er skip som bere skal brukast i Noreg, som ferjer, enkelte fiskebåtar, brønnbåtar, hurtigbåtar og hurtigruter. Det vil regjeringa altså gjere noko med.

– Det vi ser er at ettervirkningane av oljesjokket gjer at kapitaltilgangen er vanskeleg, og dette er ei anerkjenning av at det er nokre utfordringar her, seier statsministeren til Sysla.

Ordninga kan passe for Kleven

Norske verft har gått frå å bygge nesten utelukkande offshore-fartøy i mange år, til no å bygge ferjer, brønnbåtar, fiskebåtar, hurtigruter og yachtar. Marginane er små, og eit av verfta som verkeleg slit no, er Kleven Verft i Ulsteinvik. Dei har to hurtigruter i bestilling, men manglar byggefinansiering. Statsministeren seier at det nye forslaget ikkje er utarbeidd med tanke på Kleven, sjølv om ho ikkje utelukkar at dei kan høve inn under ordninga.

– Det er ikkje målretta mot Kleven. Det er noko næringen har etterspurt ei stund, seier Solberg vidare til Sysla.