Av Svein Nordal

Det seier Dag Helge Bjørkedal (35) – opphavleg frå Ørsta, men no busett i Ulsteinvik. Kvar julekveld sidan 2008 har ungkaren stilt som julenisse for andre sine ungar, vere seg vener eller kollegaer. Og kvart år har han førebudd seg frå rundt 1. oktober ved å gro nisseskjegg – som han altså slepp i år.

– Men det vert nok meir truverdig enn nokosinne, sidan eg ikkje har tenkt å stusse det før jul, seier Dag Helge, som til dagleg jobbar i Statnett og som ambulansepersonell.

Spreier juleglede

– Mi karriere som nisse starta då eg spelte rolla på ei speidarsamling for ti år sidan. Og så har det altså balla på seg sidan, smiler Dag Helge, som for å perfeksjonere rolla om morgonen julaftan fargar skjegg, bryn og hår kvitt med teaterfarge – og raudfargar kinna ein smule.

Så er det at han dreg ut på nissetur seint på formiddagen og deler ut gåver til store og små barn.

– Ja, dei største er no i 20-åra, og har allereie byrja å forsikre seg om at eg kjem på besøk i år også, seier Dag Helge, som denne julekvelden reknar med å dra på nissevisitt til ti familiar.

JULENISSEN: Med kvit teatersminke i skjegg og hår, nissehue og strikkagensar, blir Dag Helge Bjørkedal forvandla til ein meget truverdig julenisse.

Fast ritual

– Før eg anla meir permanent skjegg, var det fast rutine at eg kom heim etter nisserunda og barberte meg klokka 15.00, før eg gjekk i kyrkja ein time etterpå, og så var det julemiddag – heilt glattbarbert, seier Dag Helge, som av og til får sett ut julegraut og juleøl for nissestrevet.

– Sidan eg er bilkøyrande nisse, ventar eg med å opne juleøla til seinare, forsikrar den etterkvart svært så erfarne julenissen.

Ikkje skremme

– Kva er hemmelegheitene bak å bli ein god nisse?

– Å ikkje bruke maske! Dei har som kjent eit noko stivt og frose ansiktsuttrykt med manglande mimikk, noko som skremmer mange små ungar. Og så må ein passe på at foreldra er i umiddelbar nærheit – også det for å unngå å skremme – og ikkje minst, å gå ned på huk, og kome på ungane sitt nivå…

– Og du stiller opp, trass i at du ikkje har barn sjølv?

– Ja, og det er fordi eg syns det er moro!

– Du må vere glad i jula?

– Ja, jula er den finaste høgtida vi har, syns eg. Jula spreier mykje glede, særleg blant ungane. Dessverre er jula også ei vanskeleg tid for mange, folk som er einsame av ulike grunnar…

– Du vaks opp i Ørsta – sjølvsagt med flust med nissebesøk til vesle Dag Helge?

– Hehe, nei, faktisk hadde vi ikkje tradisjon for nissebesøk i min familie. Så dette er noko eg har «vakse meg til»…

Tru på nissen!

– Ja, og det har vel vore mange artige episodar på nissetokta dine?

– Ja, som nisse likte eg det sjølvsagt veldig godt då sonen i ein av familiane hoppa opp og ned av fryd då eg kom på besøk. Sjølv om han byrja å bli litt stor til å tru på nissen, så gjorde han framleis det. Eller i alle fall ville han tru på nissen der og då…

– Slikt inspirerer sikkert til å halde fram i nissejobben?

– Ja. Eg har tenkt å halde fram så lenge dei vil ha nissebesøk. Det vil seie, – om eg vert far ein gong, må eg vel konsentrere nisse-skodespelet for eigne barn.