Dette er ei rekke nye verk spesialskrivne for hardingfele. I 2017 er det ti år sidan den allsidige hardingfelespelaren Britt Pernille Frøholm ga ut sitt første album, og det kjem ho til å markere med fleire utgivelsar gjennom heile 2018. Første stykke ut er “Fragile” (2007) av Therese Birkelund Ulvo.

Britt Pernille Frøholm kjem  frå Hornindal i Sogn og Fjordane, og spelar fele og hardingfele. Ho er ein av få som er kvalifisert for klasse A på Landskappleik på begge instrument. Ho har vokse opp i ein rik folkemusikktradisjon frå heimdistriktet Nordfjord, men har lang erfaring med å jobbe med musikarar frå ulike sjangrar. I ei tiårsperiode har ho jobba med å spesialisere seg på improvisasjon og samtidsmusikk på hardingfele, i tillegg til å spele tradisjonell folkemusikk. Ho har vore med å etablere fleire band og gitt ut ei rekke kritikerroste plater, mellom anna med skotsk- norske Boreas, trioen MAAR og North Pole Experience. I tillegg til prosjektet «Poems for Hardanger Fiddle» gir ho også ut soloplate med tradisjonelle slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre hausten 2017.

Frøholm blei i 2016 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend, og har for tida Statens Kunstnerstipend for 2017-19.