Denne sommaren har koret også fått med seg musikarane bassist Jan Tormodsæter, Simon Sætre på slagverk, Øyvind Aspenes Robak på fiolin/ hardingfele/ bandoneon og John Inge Bjøringsøy på piano/tangentinstrument

Syngeglade småbarnsmødre

Damekoret Lyst vart starta i 2001 med det utgangspunkt å samle småbarnsmødre på Lystad til lystig song med lyse stemmer. Nina Vedeld Telseth er dirigent for koret som mellom anna har delteke på Seljumannamesse på Selje kloster, på Kosterikjedagane i Syvde, Hareidstemne og korkonkurranser i Trondheim, Bergen og lokalt på Sunnmøre. Koret har sunge på opninga av dei nynorske festspela og har i ei årrekkje arrangert eigne sommar og julekonserter rundt omkring på Sunnmøre. På årets sommarkonsert tel koret 20 aktive songarar frå Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid. Koret byr på heile 10 solistar under sommarkonsertane.

På konserten skal dei framføre songar som frå ulike sjangrar, mellom anna arrangement/ songar av Real group, Basix, John Denver og folketonen «Nu solen går ned» med tekst frå Ørsta. Koret byd også på musikk av Vamp og klassisk song som blomsterduetten av Leo Delibes og «Så tag mit hjerte» av Hugo Alfven.

Konsertane vert halde 8. juni i Ørsta Kyrkje, 11. juni i Myreløda i Dalsfjord i Volda kommune og 14. juni i Jensaløda, Leira på Bjørke i Ørsta kommune.