Som eit ledd i kommunal- og moderniseringsdepartementets arbeid med nye kostnadsnøklar for båt og ferje, har leiar av Stortinget sin kommunalkomitè, Helge Andre Njåstad (FrP), saman med departementet vore på ferjeturné for å betre få innblikk i korleis dette kan bli gjort best mogeleg. Til no har alle fylkeskommuner frå Rogaland til Finnmark fått besøk, og kome med innspel både til komiteen og departementet.

–Dette er i hovudsak fylkeskommunenes ansvar. Vi ønskjer derimot å sette disse betre i stand til å forbetre tilbodet, og foreslår nær 44 millionar kroner ekstra til ferjefylket Møre og Romsdal i budsjettet for 2018, seier parlamentarisk leiar i Fremskrittspartiet, Harald T. Nesvik.

Departementet foreslår ein ny kostnadsnøkkel for båt og ferje frå 2018. Møreforskning har fått i oppdrag å kome med faglege innspel. Nesvik og Helge Orten (medlem av Stortingets transport- og kommunikasjonskomite), fortel at ferje- og båtnøklane vil bli oppdatert årleg. I tillegg legg regjeringa 100 nye millionar kroner på bordet, som er med på å kompensere kostnadsveksten, og styrkar fylkeskommunen si evne til å utvikle tilbodet vidare.

Ny nasjonal ferjestrategi

–Ferjepolitikk er viktig for regjeringa, difor har vi i denne perioda klart å styrke ferjeavløysningsordninga til å gjelde i 40 år. I tillegg er det i NTP føreslått å utarbeide ein ny nasjonal ferjestrategi, der ei oppdatering og vidareutvikling av den nasjonale ferjestandarden er eit viktig element, fortel Nesvik og Orten.