Det er det det Miami-baserte cruiseselskapet Sunstone som skal ha bestilt båtbaug-designet X-Bow, skriv smp.no (betal-teneste).

Kommunikasjonssjef i konsernet, Lene Trude Solheim, opplyser til smp.no at ho ikkje kan stadfeste at avtalen er i boks – men legg til at dei jobbar med spennande prosjekt i cruisemarknaden.

Sunstone som har tinga Ulstein-pakkane offentleggjorde tidlegare i vår at dei hadde inngått ein intensjonsavtale der Ulstein Design & Solutions skal levere design og utstyrspakkar til minst fire såkalla ekspedisjonsskip for cruisemarknaden. Alle blir utstyrt med X-Bow, og ligg an til å bli dei første cruiseskipa med den prisvinnande baugforma.
Det er tidlegare opplyst at skipa skal byggjast ved det kinesiske verftet, China Merchants Heavy Industry. Ulstein sine folk skal føre tilsyn med bygginga av skipa, som blir utstyrt for turar i polare farvatn.