Onsdag vart tre menn frå Aust-Europa arresterte og sett i varetektsfengsel i Ålesund. Dei tre er varetekstfegsla for fire veker.

Sidan har politiet avhøyrt naboar, arbeidskollegaer og andre som har tilknyting til dei tre sikta mennene. Av omsyn til identifisering av offeretm, vil ikkje politiet seie noko meir enn at den anmeldte valdtekten skal ha skjedd utanfor ei lita bygd på Søre Sunnmøre.

I følgje etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Ålesund politistasjon har politiet sett inn store ressursar for å finne ut kva som skjedde på fjellturen sist tysdag. Tekniske bevis støttar det kvinna har fortalt.

–Etterforskinga har styrka oss i trua på at det har skjedd eit alvorleg straffbart forhold, seier han til NRK.

Alle dei tre mennene nektar for straffeskuld, men ein av mennene har vedgått at han var på staden der valdtekta skal ha skjedd, og at dei to andre mennene også var der.

Kvinna har forklart at ho ikkje hadde sett dei tre mennene før dei gjekk til angrep på henne.