Med sine små, men store songar, balanserer han sårheita, varmen og melankolien i musikken, med sin uforutsigbare lune humor og komiske timing på scena. Han har turnert i både inn- og utland, og spelt på alt frå bittesmå kafear, til Rockefeller i Oslo – frå dei minste hagefestane, til hovudscena på Øyafestivalen. Til Fosnavåg har han med seg musikarane Gunnar Sæter på trommer og Jørn Erik Ahlsen på bass og gitar.