Denne kveldsmessa er den fyrste i haustsemesteret til Herøy kyrkje. Nonna som kjem på besøk, kjem frå Tautra Kloster. Anne Elizabeth Sweet er ei amerikansk kvinne som kom til Norge, gjekk inn i Cistercienserordenen og vart nonne i det nyetablerte Mariaklosteret på Tautra i Trondheimsfjorden. I samtale med Jens Terje Johnsen vil ho mellom anna fortelje korleis ein «moderne» nonnekvardag er.

Herøy Brass stiller i kveldsmessa med noko av det rikhaldige repertoaret sitt, med Kjellstein Knotten som dirigent.