Dei var der også i juni, og kjem no tilbake med sitt hoftevrikkande grooveparty med jazz, funk og soul som perler på ei snor. Bandet består av tre nordmenn og tre amerikanarar med ein musikalsk CV som er ganske eineståande; Staffan William-Olson – gitar (The Real Thing, Mezzoforte, Sharp  9, Babylon Brothers), Palle Wagnberg – B3 Hammond (The Real Thing, P.W. Organ Unit), Petter Wettre – sax (har spelt med «alle») Nicky Orta – bass (Arturo Sandoval, Randy Brecker, Mike Stern, Chick Corea, Ernie Watts, Julio Inglesias, Englebert Humperdink), J. D. Anderson – trommer (Kirk Franklin, Mariah Carrey, John Legend, Grammy Nominated!) og Bill Kooly Scott – vokal (Ruby Baker Band, Bill Scott Band).