–Bygdesus er ein reindyrka musikkfestival, utvikla av Studenthuset Rokken. Konseptet går ut på å fremme norske «up and coming» – artistar, forklarar Kristina Juul Jørgensen , bookingansvarleg for festivalen. For å kunne tilby ein variert festival med nykomarar har Bygdesus 2017 gått inn i eit  samarbeid med eit av Noregs leiande bookingbyrå, Nordic Live, og med VEKA i Volda.

Torsdag 14. september blir det VEKA-stipend-finale,  artistkonkurranse og cafékonsert med Jeki.

Fredag 15. september presenterer Nordic live fylgjande artistar: Hajk, Kristian Haugen, Kajander, Mute The Machinery og Izabell

Laurdag 16. september spelar desse DJ’ane: DJ Anna, DJ Maggie, DJ Danny og
DJ Åge.